FjordSafari 1,5t

Dato: Onsdag 16 jun 2021 - søndag 31 okt 2021 Vis kart

Vår Basic Fjordsafari er ein perfekt smakebit på kva verdarvsområdet i Aurland har å by på!

 

Ta med deg familie eller gode vener på denne turen, som går frå Flåm, via Aurlandsfjorden, inn til Sagfossen i byrjinga av Nærøyfjorden. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt lokale historiar og segner frå området medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.
Turane våre er mjuke opplevingar som passar for alle aldrar, og er den perfekte måten å oppleva fjordlandskapet på. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Alle våre medarbeidarar snakkar norsk og engelsk. Du får utdelt alt naudsynt utstyr som flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og briller.
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar. Grunna dei nye smittevern tiltake for å hindre spreing av COVID-19 oppmodnar me til å ha med eigne luer, vottar, buff og skibriller.
Alle aldrar velkomne!

VARIGHEIT: 1 Time 30 minutt
INNSJEKK: 20 min før avgang i FjordSafari Resepsjon, Flåm indre hamn
PRIS: Voksen: NOK 760, - Barn: NOK 560,-
BOOKING STENGER: 20 MIN FØR
KANSELLERINGSFRIST: 72 timar før avgang

Vis meir

Bestill no

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell

Avstand: 218 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.
Build: 02.08.2021 12:54:11, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-7904.cbischannel-26575.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails