FjordSafari Heritage

Adresse: Flåm Dato: Lørdag 1 mai 2021 - søndag 31 okt 2021 Vis kart

Adresse: Flåm

Opplev heile Nærøyfjorden Verdsarvområde!

 

Opplev heile verdsarvområdet Aurlands- og Nærøyfjorden frå ein RIB båt i sommar. Ta med deg familie og vener på ein luftig tur i særeigen vestlandsnatur. Turane våre er mjuke opplevingar som passar for alle aldrar, og den perfekte måten å komma nær natur, fossar og dyreliv på. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt lokale historiar og segner frå området. Me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.
Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar.
Alle våre medarbeidarar snakkar norsk og engelsk.
Du får utdelt alt naudsynt utstyr som flytedrakt, redningsvest, lue, vottar og briller.
Klær:
Langbukse og langerma gensar anbefalast med mindre det er ein veldig varm dag. Lukka sko, ikkje åpne sandalar. Grunna dei nye smittevern tiltake for å hindre spreing av COVID-19 oppmodnar me til å ha med eigne luer, vottar, buff og skibriller.
Alle aldrar velkomne!

VARIGHEIT: 2 timar 15 minutt
INNSJEKK: 20 min før avgang i FjordSafari Resepsjon, Flåm indre hamn
PRIS: Voksen: NOK 910, - Barn: NOK 680,-
BOOKING STENGER: 20 MIN FØR
KANSELLERINGSFRIST: 72 timar før avgang

Vis meir

Bestill no

Om denne aktiviteten

Telefonnummer (booking)
+47 99090860
Telefonnummer
+47 99090860
Kontaktperson navn
FjordSafari Norway AS
Kontakt e-mail
Overnatting

Flåmsbrygga Hotell

Avstand: 328 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.
Build: 14.04.2021 11:03:12, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7904.cbischannel-26575.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails