FjordSafari & Vandretur

Dato: Torsdag 1 jul 2021 - lørdag 14 aug 2021 Vis kart

Eit stølseventyr med fjord og geiter!

 

1 JULI – 15 AUGUST
Turen startar i Flåm med FjordSafari Basic, som går inn i åpninga av Nærøyfjorden med den storslagne Sagfossen som vendepunkt. På veg attende legg me til ved bryggja Skjerdal i Aurlandsfjorden. Derifrå startar fotturen opp til Skjerdal stølsysteri og Kafe.
I byrjinga går me delvis på sti og bilveg oppover mot gardstunet i Skjerdal. Herifrå føl me gamlevegen opp til målet, sommarstølen Leim. Heile vegen har me det særeigne fjordlanskapet i bakgrunnen, med flotte fossefall og historisk kulturlandskap. Vandreturen frå fjorden og opp til sommarstølen tek om lag 1,5 time og er rundt 3 km lang.

På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast heimelaga gardslunsj ute på terrassen med ost til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gardstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil.

Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Det krevst ingen forkunnskap av deltakarane, men du bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Turen passar for dei som ynskjer ei aktiv og anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360 høgdemeter.

Klær:
Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med.
Er ikkje anbefalt for dei minste og eldste.

VARIGHEIT: 5,5 - 6 timar
INNSJEKK: 20 min før avgang i FjordSafari Resepsjon, Flåm indre hamn
PRIS: Voksen: NOK 1595, - Barn: NOK 1075,-
BOOKING STENGER: 18 timar før
KANSELLERINGSFRIST: 72 timar før avgang

Vis meir

Bestill no

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell

Avstand: 220 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.
Build: 07.05.2021 11:17:37, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-7904.cbischannel-26575.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails