Basic FjordSafari

Dato: Torsdag 1 jun 2017 - torsdag 31 aug 2017 Vis kart

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå våre opne RIB-båtar! Me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og inn til Sagfossen i verdsarvområdet Nærøyfjorden. Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt at guiden deler lokale historier og segner frå området medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

Show more

Bestill no

Totalpris
Overnatting

Flåmsbrygga Hotell AS

Avstand: 218 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.