Trugetur med fotostopp på utsiktspunktet Stegastein

Dato: Torsdag 1 feb 2018 - lørdag 31 mar 2018 Vis kart

Sjå fjorden frå eit fugleperspektiv!

Bli med oss til fjells og opplev vinterlandskapet med truger på beina.
Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og me tek eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein med storslagen utsikt over Aurlandsfjorden. Me tek på oss truger og byrjar gåturen.
Ein får ei innføring i korleis gå på truger og ein får høyre om historia bak trugene. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Vi serverar varm drikke undervegs.
Turen passar for alle.

Varigheit på Trugetur er 2,5time
Dagleg avgang kl 15:30 frå 1. februar 2017 (også tilgjengelig på forespørsel i januar)
NB! Oppmøte 20min før avgang- 15.10

Show more

Bestill no

Totalpris
Overnatting

Flåmsbrygga Hotell AS

Avstand: 221 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.