Kulturell Kveldsvandring og heilaften på Ægir BryggeriPub

Dato: Lørdag 16 feb 2019 - søndag 31 mar 2019 Vis kart

Bli med på ein kulturell vandring i Flåm som avsluttast med middag på Ægir BryggeriPub.

Opplev Flåm på ein roleg og koseleg kveldstur. Nyt utsikta av snødekte fjelltoppar, spegelblank fjord og frisk vinterluft, kanskje er me heldige med stjerneklar himmel og måneskin. Den kunnskapsrike og entusiastiske guiden fortèl historiar og svarar på spørsmål og kan gi eit unikt innsyn i lokalhistoria og kulturen i området. Me endar vandringa på Ægir BryggeriPub. Nyt den gode peisvarmen og ein Ægir Vikingplanke — ein fem-rettars vikinginspirert øl– og matmeny! Her vert dei lokale matrettane skreddarsydd med det lokale ølet for at smakane skal passe perfekt saman. (Eigen Vikingplanke med drikke for barn).

Vis meir

Bestill no

Totalpris
Velg dato:

Om denne aktiviteten

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell

Avstand: 220 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.