Heritage Taste FjordSafari

Dato: Tirsdag 1 mai 2018 - søndag 30 sep 2018 Vis kart

Opplev heile Nærøyfjorden, kombinert med ostesmaking i Undredal!

På denne turen kombinerar me vår populære Heritage FjordSafari med eit besøk i den vesle geitebygda Underdal for å smaka på den kjente Underdalsosten.
Nyt den storslagne vestnorske naturen frå våre opne RIB-båtar når me tek deg med på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med våre kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden, samt at guiden deler lokale historier og segner frå området medan me speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

På turen tilbake til Flåm stoppar me i idylliske Undredal. Den vesle bygda ligg fint til nede ved fjorden, omringa av høge fjell. Her bur det fleire geiter enn folk, og tradisjonen for geitostproduksjon er derfor sterk.. Me kosar oss på brygga i Undredal med smaking av både kvit og brun geitost, og får høyra mer om tradisjonar og livet her ved fjorden. Der er mogleg å kjøpa med seg ost frå kafeen eller butikken dersom dette er ynskjeleg.

Show more

Bestill no

Totalpris

Om denne aktiviteten

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell AS

Avstand: 219 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.