Kulturell Kveldsvandring & Heilaften på Ægir BryggeriPub

Vis kart

Bli med på ei kulturell kveldsvandring med hovudlykt i vakre Flåm. Me endar vandreturen på Ægir BryggeriPub der ein får servert ein 5 rettars Vikingplanke middag med tilhøyrande drikke og kan nyte kvelden framfor den 9 meter høge peisen.

Opplev Flåm på ein roleg og koseleg kveldstur. Nyt utsikta av snødekte fjelltoppar, spegelblank fjord og frisk vinterluft, kanskje er me heldige med stjerneklar himmel og måneskin. Den kunnskapsrike og entusiastiske guiden fortèl historiar og svarar på spørsmål og kan gi eit unikt innsyn i lokalhistoria og kulturen i området.

Me endar vandringa på Ægir Bryggeri & Pub. Nyt den gode peisvarmen og ein Ægir Vikingplanke — ein fem-rettars vikinginspirert øl– og matmeny! Her vert dei lokale matrettane skreddarsydd med det lokale ølet for at smakane skal passe perfekt saman.
(Eigen Vikingplanke med drikke for barn)

Program
Start kl 19.00 frå Ægir BryggeriPub.
Bestilling før kl 15.00. Oppmøte 10 min. før turen
Vandreturen varer: 1 time
Middag: 20.00 i Ægir BryggeriPub
Guiding: norsk og engelsk

Pakka inkluderar:
* Kveldsvandring med guide
* Vikingplanke 5 rettar øl- og matmeny på Ægir BryggeriPub
* Lån av hovudlykt

Show more

Om denne aktiviteten

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell AS

Avstand: 220 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.