Basic FjordSafari & vandretur til geitestølen Leim

Dato: Torsdag 15 jun 2017 - torsdag 31 aug 2017

Eit stølseventyr med geiter, ost og lunsj!

Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen. Me vender attende på andre sida av fjorden. I Aurlandsfjorden legg me til brygga i Skjerdal. Der startar fotturen opp til geitestølen Leim.
Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs.
På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me tek turen ned igjen og returnerar til Flåm.

Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde.

Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med om det er varmt.

Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august. Turen er også tilgjengelig frå 15 juni med matpakke frå lokalt bakeri.

Show more

Bestill no

Totalpris