Morgentur på Truger

Dato: Tirsdag 2 jan 2018 - lørdag 31 mar 2018 Vis kart

Turen byrjar med ein køyretur i minibuss langs Aurlandsfjorden og opp til det fantastiske utsiktspunktet Stegastein, 650 meter over havet. Undervegs fortel guiden om livet på fjellgardane som ein vil sjå langs vegen opp mot Stegastein, og ein ser plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Vel framme gjer ein seg klar for trugetur. Ein får ei innføring i korleis gå på truger, og ein får høyre om historia bak trugene. Undervegs fortel guiden om den dramatiske naturen, vinteren ved fjorden, og om den særeigne kulturen i området. Undervegs passerar ein utsiktspunkt der ein kan sjå fjorden mot den vesle bygda Undredal, innover til Flåm og alle dei høge fjelltoppane som omkransar den djupe fjorden under oss. Ved vendepunktet på turen får ein servert noko varmt å drikke, og ein får moglegheit til å nyta den unike stillheita i naturen. Turen på truger tek om lag 1-1,5 timar. Før ein køyrer tilbake til Flåm, blir det eit stopp ved utkikkspunktet Stegastein. Der blir tid til å ta bilete og nyte den storslegne utsikta over fjordlandskapet.
Turen passar for alle, krever ingen erfaring.

Show more

Bestill no

Totalpris

Om denne aktiviteten

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell AS

Avstand: 220 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.