Trugetur til Stegastein og heilaften på Ægir BryggeriPub

Dato: Tirsdag 2 jan 2018 - mandag 2 apr 2018 Vis kart

Opplev fjorden frå eit fugleperspektiv med truger på beina, og avslutt dagen med peiskos og vikinginspirert mat og drikke på Ægir BryggeriPub.

Bli med oss til fjells og opplev vinterlandskapet med truger på beina! Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og me tek eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein med storslagen utsikt over Aurlandsfjorden. Me tek på oss truger og byrjar gåturen. Ein får ei innføring i korleis gå på truger og ein får høyre om historia bak trugene. Det unike ved vinteren langs fjorden blir formidla, og ein får oppleve ei spektakulær utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Me serverar varm drikke undervegs. Turen passar for alle.

Etter ein fin ettermiddag på fjellet passar det bra med ein heilaften på Ægir BryggeriPub. Du vil få servert Ægir`s vikingplanke, ein unik 5-rettar øl- & matmeny. Denne inkluderar røykt rein, skalldyr, fisk og skalldyrsuppe, svineskanke og mørk sjokoladeganache kake. Planken vert servert med 5 ulike typar Ægir-øl. (Eigen vikingplanke med drikke for barn). Nyt den gode atmosfæren og varmen frå peisen som ein perfekt avslutning på dagen!

Show more

Bestill no

Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

Overnatting

Flåmsbrygga Hotell AS

Avstand: 216 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.