Dagleg ølsmaking

Adresse: A-Feltsvegen 25, 5742 Flåm Dato: Onsdag 12 jun 2019 - mandag 30 sep 2019 Vis kart

Adresse: A-Feltsvegen 25, 5742 Flåm

Kom og smak tre populære sesongøl frå vårt eige Ægir Bryggeri, og oppdag ei ny verd av lukt og smak. Lær litt om historia, ølet og ulike teknikkar for å få dei beste smaksopplevingane.

Ægir er vårt eige bryggeri som opna i 2007 og har raskt teke plasseringa som eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg. Ægir ølet er i verdsklasse, og har fått både gull- sølv- og bronsemedaljar i «VM». Det heile starta med øl, men stoppa ikkje der - Ægir har også sin eigen akevitt!

Ægir BryggeriPub, ein del av tunet på Flåmsbrygga, er i dag ein av dei største attraksjonane i Flåm. Byggestilen er inspirert av norrøn mytologi og utvendig minner bygget om ei stavkyrkje. Inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved. I første etasje finn du puben, medan andre etasje er restaurant. I Ægir BryggeriPub serverast øl og mat heile året. Velkomen!

Vis meir

Bestill no

Vel startdato:
Aktivitet Totalpris
Overnatting

Flåmsbrygga Hotell

Avstand: 5 meter
Berre nokre steg frå Flåmsbana og båten, men likevel avskjerma og roleg, ligg Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet i Flåm. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, særprega møterom, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga omfattar hotell, restaurant, kafé, og den unike Ægir BryggeriPub som er bygd i norrøn vikingstil. Vi er spesialistar på øl og mat, og ølet vårt har oppnådd gull- og sølvmedalje i VM.